Musikk

 

Note

Tekst

Tekst & besifring

Lyd

Video

 

 

 

 

Songen  åt  fangen

 

Jakob Sande/Mel. Widar Bjerkaker

 

 

So lagde dei lekkjone på meg

og klaven kring halsen min batt.

Helsa mi pinte dei tå meg,

% men hatet sit enno att %

 

Å, hadde eg kulor og knivar

som rokk dit eg vilde det no,

Gud nåde då lensmann og skrivar,

% - dei lagdest snart lik båe tvo ! %

 

                                             

Å, var eg so giftig som pesten,

og ill som ein eiterormstyng,

Gud nåde då fengselspresten,

%  som går her og preikar og syng ! %

 

 

Kvi fa`n kjem  den kallen inntil meg,         

med song og hallelujadikt !

Kva svartaste er det han vil meg

% med våset um anger og slikt ! %

 

Eg eig ikkje anger i bringa

og kjem eg meg eingong på dør

skal kniven på ny eg svinga,

% med kaldare hat enn før ! %

 

 

Widar Bjerkaker © 2010 • Til privat bruk

widarhulda.com