|
Skymingslandet
Jakob Sande/mel. Widar Bjerkaker
Eg skimtar eit land -
Uklårt og vikande stig det,
best som eg skimtar det sig det
ned att bak himmelrand.
Eg veit at det ligg der løynt ut i havet,
veit at det dit ber av.
Ingen har sagt det, eg kjenner det på meg,
eg vil ikkje dit, men eg kan ikkje rå meg.
Kursen er oppgjord på førehand:
Kursen for Skymings land.
I dimma eg dreg
ser eg på duvande bylgje
skip etter skip i mitt fylge
styre den same veg.
Forgyllande spir er skjelden å sjå,
gamle er flest, og grå.
Rastlause tumlar dei annsame gastar,
god tur, kameratar, kva er det som hastar?
Leia er lagd. Både de og eg
skal nok den same veg.
Snart stig ho, den øy -
der skal til sist oss samle
vi som er grå og gamle,
de med forgylte fløy.
Det spørs ikkje der om arm eller rik;
hyra er alle lik.
Ingen gjer skilnad på mannskap og skute,
god natt, mine brør, som skal kvile der ute,
kvile i stilla på Skymings øy,
kvile frå alt og døy.
|