Musikk

Note

Tekst

Tekst & besifring

Lyd

Video

 

 

 

 

 

 

Med Takk til Hausten

Jakob Sande/mel. Widar Bjerkaker 

 

Det kveldar over fjord og sund

Og månemannen, blid og rund

meg heim til hytta hentar.

Eg ror min båt i ro og mak

med jamne, seige åretak

dit naustet står og ventar.

 

Alt lever kring meg der eg ror,

eg høyrer det i djupet gror

det boblar stilt og kokar.

Eg nikkar nøgd og tenkjer mitt;

at no får fiskarmannen sitt

på garn og line krokar.

 

Og inn på land i tjor og kve

Eg skimtar hest og velfødd fe

som jortar smått og beitar.

Og høgt i heia mot det blå

og flokk på flokk so vidt kan sjå

av sauer og av geiter.

 

I bakkehall står korn på staur

snilt lokka fram av mold og aur

av trauste bondehender.

Ein havreteig, ein flekk med bygg

so pass det blir litt julebrygg

for folk i desse grender.

 

Dei søv, dei søv dei fleste no.

Gud unne alle legero

for gikt og skatteplage.

Og difor: vak og ver på vakt

du guds-innsette styresmakt

so ingen treng å klage.

 

So svinger eg min gamle hatt

og ynskjer folk og dyr godnatt

som her går inn i freden.

Om meg og mitt ver like glad,

eg finn nok nattero ein stad

der berre eg er beden.

 

Widar Bjerkaker © 2010 • Til privat bruk

widarhulda.com